Turistinformasjon – Jegerinfo

Turistinformasjon – Jegerinfo

Vill hjort trivst i eit godt landskap kor naturforvaltninga er streng og effektiv. Men naturen i Fjaler har mykje meir å by på: vakker skog, høge fjell, lange smale fjordar, breie fjordar, øyar og holmar, sandstrender og svaberg. Du kan komme frå inst i ein trong fjord til ytst i havgapet på vel ein halvtime. Eit betre eksempel på Noregs mangfaldige natur finn du neppe.

Her er mange som driv hytteutleige på øyane lengst vest, og på Bulandet og Værlandet finn du rorbuer til utleige.

Fjaler er ein kystkommune på sørsida av Dalsfjorden i sør-vestre delen av Sogn og Fjordane. Kommunesenteret Dale ligg vel 40 minutts køyring frå regionsenteret Førde. Det tek omlag like lang tid å køyre frå kommunesenteret til Lammetun lengst i vest i kommunen og til Heggheim lengst søraust. Etter regulering av kommunegrensene i 1990 gjekk alt landarealet på nordsida av Dalsfjorden til Askvoll og Gaular, og kommunen fekk Våge krins lengst i vest.

Kommunen har ein svært lang og sterk skuletradisjon – Frå Nikka Vonen sin pikeskole og til Dale Vidaregåande Skule og Røde Kors Nordisk United World College (RKNUWC). Kommunen presenterer seg gjerne som ein kulturkommune – i dag med både nordisk og internasjonalt preg. Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen er saman med RKNUWC grunnlaget for dette.

Den kjende Lyrikaren Jakob Sande var fødd og vaks opp i Fjaler.

Vil du vite meir om kystkommunen og turisme i Fjaler? Sjå:

hafs.no
sognefjorden.no
bulandet.no

JEGERINFO

TILBOD NOVEMBER OG DESEMBER  2020

Kystvilt As ynskjer å halde låge priser på innkjøp til produksjon i bedrift,  og vil derfor tilby kjøp av restkvoter på rot som alternativ til før der ein kjøpte avskinna skrotter.

Priser for kilo slaktevekt der Kystvilt As står for felling, slakting og kjøp av kjøt.

Bukk kr 45/kg.

Kolle 50 kr/kg.

Kalv 40 kr/kg.

TA KONTAKT PÅ MOBIL 97718528 eller kystvilt@gmail.com for nærare avtale.

 

 

Aktuelle lenkjer

statholdergaarden.no
laksogvilt.no
kokk.no
matmons.net
vinhusetnofra.no/uploads/other/LeJournal302.pdf  (Om kva slags vin du skal velje til vilt)
matogdrikke.no