Hjortejakt i Sogn og Fjordane

Hjortejakt i Sogn og Fjordane

Jakt og fiske har lange tradisjonar i Sogn og Fjordane. Vårt mål er å bygge vidare på dette ved å bearbeide godt norsk viltkjøt. Hjortebestanden har auka eksplosivt i fylket dei siste 20 åra, og krava til jeger og leverandør i takt med dette.

På garden Skogheim på Furset i Fjaler kommune starta vi i år 2000 kontrollstasjon og mottak for handsaming og vidaresal av hjort. Dyra vert frakta til mottaket frå heile fylket. Hjorten beitar i alt frå høgfjell til skog og utmark, også heilt nede ved kysten. På somme av øyane finn vi også vill hjort.

Hjortejakt er for jegerane både rekreasjon og hobby – For nokre er jakta eit levebrød. Alt ein får med seg under ein jakt, er ei naturoppleving av dei sjeldne. Det er mange former for jakt, og mykje usemje om kva som er best for dyret.

Her er nokre eksempel på korleis hjortejakt føregår:

Stilljakt

Jegeren beveger seg sakte i terrenget og får skotsjansar ved at hjorten ikkje er merksam. Dette kallast også smygjakt, fordi jegeren smyg seg inn på dyret.

Posteringsjakt

Posteringsjakt kallast det når jegerane set ut postar og plasserer seg i forhold til kvarandre i terrenget, med viltet imellom. Dei som driv jagar dyra mot utsette poster, med eller utan hund. Ein skremmer forsiktig dyret framfor seg, knekk kvistar og styrer dyret bort mot posten der skyttarar står klare.

Ein annan form for posteringsjakt er når jegeren plasserer seg i trekkvegen der hjorten ferdast for å nå innmarksbeite om natta.

Måneskinnsjakt

Her plasserer ein seg ved beiteområdet til hjorten, helst innmark, før hjorten kjem fram på beitet i måneskin. Ein nyttar seg av måneskinslyset for å få gode skot.

Bøjakt

Bøjakt vil seie at ein skyt hjorten på bøen, om morgonen eller i skumringa om kvelden. Mange kallar dette ei form for slakting, men jaktforma er effektiv ved at ein skyt hjorten når den beitar og ikkje er oppmerksam.

Mest hjort på Vestlandet vert skoten på denne måten, når dei om natta er framme på bøen for å beite.

Den mest humane jaktforma vert ein aldri einige om. Nokre meiner posteringsjakt er best fordi dei får korte hold på skota, medan andre meiner måneskinsjakt er mest human fordi hjorten er uoppmerksam og står i ro når den vert skoten.