Om firmaet Kystvilt

Om firmaet Kystvilt

Garden og produksjonsbedrifta vår ligg på Furset i Ytre Fjaler. Heile distriktet rundt oss er uvanleg rikt på hjort. Garden ligg på sørsida av Vilnesfjorden, som var ein viktig fjord under krigshandlingane i siste verdskrigen. Fleire synlege merke etter denne tida finst her. Distriktet har rike funn av gravhaugar frå vikingtida og i Korssund har vi ein steinkross frå Olav Tryggvason si tid.

Jakt og fiske

Jakt og fiske har lange og rike tradisjonar i Sogn og Fjordane. Vårt mål er å bygge vidare på dette ved å bearbeide godt norsk viltkjøt. Hjortebestanden har auka eksplosivt i fylket dei siste 20 år, og krava til jeger og leverandør i takt med dette.

Garden

På garden Skogheim på Furset i Fjaler kommune starta vi i år 2000 kontrollstasjon og mottak for handsaming og vidaresal av hjort. Dyra vert frakta til mottaket frå heile fylket. Anlegget er i dag Efta-godkjent med ovalt stempel og verksemdnummer 1282.

Hjorten beitar i alt frå høgfjell til skog og utmark, også heilt nede ved kysten. På somme av øyane finn vi også vill hjort. Kystvilt leverer til fleire kjende hotell, restaurantar og butikkar i Noreg. Matinteresserte vil ha god kvalitet, noko vi kan garantere.

På desse heimesidene vil du kunne sjå og lese om noko av det vi driv med. På oppskriftssidene våre vil du óg kunne lære deg litt om korleis du best kan førebu god mat av hjort.

Kundar

Kystvilt leverer til kjende hotell, restaurantar og butikkar i Noreg. Vi deltek og på Bondens Marked og matfestivalar rundt om i landet. Oftast er vi i Bergen, der du finn oss på Bryggen siste helg kvar månad.