Produksjon

Produksjon

Produktkontroll

Mattilsynet stiller store krav til maten og utfører hyppige kontrollar. Viltet vert frakta frå jaktplassen og skal vere på kontrollstasjonen innan tre dagar etter at hjorten er skoten. Jegeren må i denne tida sjå til at viltet vert oppbevart luftig og kaldt (helst under 12 grader). Dyret bør henge under flugenetting.

Veterinærkontrollen føregår ved at veterinæren ser til at hygieniske og helsemessige tilhøve er ivaretekne. Kvart einaste dyr med innmat som vert levert på kontrollstasjonen vert undersøkt av veterinær.

Mat og kvalitet

Hygiene er det viktigaste når ein skal stykke og bearbeide vilt. Kjøtet gjerast reint før det vert partert og delt opp i mindre stykke. Vi legg vekt på at kunden skal sleppe å måtte reinse kjøtet ytterlegare. Vi deler difor opp kjøtet i steikar, filetar, biffar, grytekjøt og malt kjøt som til dømes vert brukt til karbonadar.

Kjøtet heng til mørning på kjølerom i det som kallast gradedøgn. Det vil seie at kjøtet ved 40 gradedøgn har henge til dømes 4 døgn med middeltemperatur på 10 gradar celsius. Jo lågare temperatur, dess fleire dagar kan kjøtet henge. Deretter parterer vi kjøtet i ulike delar og sel det til forbrukaren i vakuumpakningar. Kjøtet kan óg lagrast vakuumert på kjøl og frys. Kjølen må vere under 4 grader pluss og frysen under minus 18 grader for at kjøtet skal vere trygt frå farlege mikroorganismar.

Transport

Transport av kjøt til og frå garden skjer temperert. Vi brukar eigen kjølebil for å minske oppvekst av mikroorganismar mest mogleg, samt tørke opp fuktige skrottar.

Ferskt

Nyskote vilt fraktast til mottaket av jeger eller hentast av Kystvilt. Vi køyrer faste rundar fleire gonger kvar veke frå Furset yttarst i Fjaler langs Sognefjorden til Vadheim, Sande, Viksdalen og over Haukedalen til Førde, tilbake via Stongfjorden og Askvoll. Møtestader kan avtalast, eller vi hentar hos jeger.

Frå anlegget på Furset vert alt ferskt kjøt utkjørt med kjølebil til andre foredlarar, restaurantar og butikkar i Noreg. I tillegg selgast nedkjølt fersktvilt på diverse marknader, frå eige stand direkte til forbrukar.

Foredla

Transport av foredla produkt som spekekjøt, pølser o.a. til og frå anlegget føregår med eigen kjølebil eller mindre personbil når varene ikkje treng kjøling. Utover eigen transport vært ein del varer sendt med andre transportbyrå som kan hente på anlegget.

Fryst vilt

Slik transport føregår ved hjelp av fryseboksar eller isolerte kasser plassert i kjølebil. Ved lengre transport vært frysevarene først overført til fryselager hos transportbyrå omlag ein time frå eige anlegg.